| Marie's profileEn god latter forlenger ...PhotosBlogLists | Help |
|
|
En god latter forlenger livet, Jesus gjør det evig!14 March Kva er tru?Mange snakker om at at me må tru. Alt me trenger å gjera er å tru. Men då vert mange fovirra, for kva er det eigentleg å tru? Nokon lever eit vilt liv men svarer ja når nokon spør dei om dei trur på Jesus. Kva seier så Bibelen om det å tru. Det står jo i Bibelen at me vert frelste ved å tru. Men kor tid trur eg? Trur eg nok? Nokon tenker på tru som noko som sit i hovudet, medan andre snakker om at trua må koma ned i hjarta og bli virkelig for oss. Det norske ordet tru kan brukast i mange ulike samanhenger, både kristne og ikkje-kristne. Me kan feks seia at ”eg trur det vert fint vèr i morgon”, med ein viss grad av tvil. Det er liksom ikkje bestemt. Dersom vi bruker ordet tru på same måten om Gud og Jesus, så vert det fort veldig vagt. I England har dei til samanlikning to ord for det norske ordet ”tru”. Dei har ”think” og ”believe”. I engelsk ordboka vert dei to orda forklart slik: Think: to have or form opinions in one`s mind. To imagine or expect. Believe: to regard something as true. To trust a person, accepting what he says as true. Her ser me at think og believe har forskjellig betydning sjølv om det går an å bruka orda litt om kvarandre. Think passer best når me snakker om anelser medan believe passer best når det er snakk om betrakte noko som absolutt sannhet. Ut ifrå Bibelen les me både i GT og i Jesu forkynnelse at Gud ikkje er interessert i bare ein fin bekjennesle hjå menneska men at han vil ha levd liv. Gud seier at det offer han vil ha er barmhjertighet og at ekte faste for Han er å hjelpa andre og gje til andre det ein sjølv har lyst på. Jesus refser fariseerane og dei skritlærde mange gonger fordi dei ikkje levde riktig. Dei hadde nok den prektigaste bekjennelsen men dei kjente ikkje Gud i hjartene sine, dei levde ikkje til behag for Herren. Ein tom bekjennelse er verdilaus for Herren. Gud ser til hjarta på menneska. Han kjenner kvar ein tanke me tenker. Jesus seier at den som vil vera stor skal vera alle sin tenar. Han refser dei ”religiøse” medan til dei nedslåtte seier han at Guds rike er nær. Eg meiner derfor at ordet tru er eit ganske dårlegt ord når det gjeld vårt forhold til Jesus. Det er vel nettopp derfor mange kristne i ulike samanhenger bruker andre ord enn ”tru”. Du kan høyre uttrykk som ”å bli født på ny” eller ”å vera frelst”. Desse orda kan på andre sida verka veldig rare for folk som er utanfor. Me må ikkje alltid gjera ting så ”innvikla”. Men det kan likevel vera lurt å bruke desse orda for å få ein litt større forståelse av folk som seier at dei trur.
25 February OppropNå har eg nettopp vore inne på nettet og skrevet under på ein underskriftskampanje, mot å fjerne den kristne formålsparagrafen i skulen. Nokre innbyggere i landet vårt vil ikkje at skulen i Norge skal vera bygd på eit kristent verdigrunnlag. Men det er ikkje eg enig i. Eit folk som ikkje vil ha Guds lover, vil det gå ille. Bibelen vitner uttallige gonger om korleis det går med folk som vender seg bort frå Herrens veier. Ver med og skriv under på at du fortsatt vil at skulen skal bygge på kristne verdier.
Gå inn på www.josafat.no
Der finner du ein link til oppropet som kan skrive under på!
Ver med og sei ifrå! 16 January Just give me JesusÅrets JesusKvinner konferanse nærmer seg (Jippi!). Den er i Oslo 11.-13. Mai. Det kjem til å koma mange kvinner til hovedstaden denne helga, så derfor er det lurt å vera tidlig ute med å bestille reise og overnatting. Torsdag ettermiddag kjem eg til å bestilla billetter til alle som har sagt ifrå kva for eit slags reisealternativ dei velger. Her er alternativa:
Reise til Oslo
Alternativ 1: Fly frå Sola kl. 09.20 - 10.10 366 kr
Alternativ 2: Fly frå Sola kl. 17.40 - 18.30 555 kr
Alternativ 3: Tog (ruter er ikkje kome ennå) antakeleg 199 kr (men kan risikere 799 kr)
Heimreis
Alternativ 4: Fly frå Oslo kl. 18.10 - 19.05 555 kr
Alternativ 5: Tog (ruter er ikkje kome ennå) antakeleg 199 kr (men kan risikere 799 kr)
Send melding eller legg inn ein kommentar på bloggen her, med reiseruta di, innen torsdag ettermiddag. Overnatting vert ordna seinare! Nytt årEnda et nytt år! Hvordan var 2006 for deg? Hva husker du fra året som gikk? Var det et år med mange begivenheter eller var det et helt "ordinært" år? Hva husker du best; de store tingene eller de små enkle smilene fra mennesker som du er glad i?
Hvilke ønsker har du for det nye året? Hva vil du skal prege det nye året? Ingen vet hva fremtiden bringer, men vi vet hvem som holder fremtiden. Tider går og kommer, men Herren er alltid den samme. Våg å sette deg mål og våg å drømme for det nye året. Når 2007 er omme, hva vil du da at du skal kunne se tilbake på? Vil det være det året du virkelig kom nærmere Gud? I såfall er du ikke alene om det ønsket :-)
Det er bare å sette i gang. "Hold dere nær til Herren så skal Han holde seg ner til dere." (Jak. 4,8)
20 December Snart ferieJa nå nærmer det seg juleferie, og snart skal eg oppdatera spacen min! Eg er litt treig av og til men det skyldes ein kombinasjon av travelhet og latskap. Kjem snart sterkare tilbake!
17 November Korleis kan det fins ein god Gud når det er så mykje vondt i verda? Kvifor stoppar ikkje Gud vondskapen?Gud skapte jorda og såg at alt var godt. ALT VAR GODT (tenk over kva det vil seia). Men syndefallet brakte synda inn i verda. Og synda brakte med seg døden (Rom. 6,23). Hvis me ikkje hadde synda så hadde me heller ikkje dødd (merkelegt å tenka på).
(Gud satte kunskapens tre i Edens hage fordi menneska skulle ha fri vilje og muligheten til å velga. Utan treet ville me ikkje hatt noko valg då ville me ha vore noko meir liknande robotar. Det ville ha vore som i eit land der det er ”fritt valg” men bare ein person å stemma på.)
Menneska trossa Guds bud om å ikkje ete av treet i Edens hage, og valgte dermed synda og døden. Altså er menneska sjølv årsak til at det vonde kom inn i verda. Og dersom du ser på vondskapen som er i verda så ser du også at den er forårsaka av mennesker. Sult er forårsaka av menneskers griskhet og ukjærlighet, krig er forårsaka av menneskers maktbegjær og egoisme, misbruk er forårsaka av menneskers egoisme og personlige lyster og tilfredsstillelser.
Men kvifor stoppar ikkje Gud vondskapen?
Himmelen: Spørsmålet om kvifor ikkje Gud stoppar vondskapen er eit godt spørsmål. For tenk så bra det hadde vore utan den vondskapen som me ser i verda i dag. Tenk så bra dersom me kunne levd i fred med kvarandre utan krig, krangel, sjukdom osv. Nettopp den tanken vitner om at du lengter etter Gud og det som han vil gje deg, fordi i Gud fins det ingenting vondt og det livet Gud vil gje deg er eit liv utan plage og vondskap. Gud vil gje deg dette livet bare du vil ta imot det, ta imot Gud, tru på Han og hans sønn Jesus.Dei som trur på Jesus vil fortsatt leva på jorda, men etter me dør vil me koma til den staden som du lengtar etter. Den staden kor det ikkje fins vondskap. Den staden som mange kaller for himmelen. Og kven vil vel ikkje leve ein slik stad? Tenk kor mange mennesker som går rundt og lengter etter det livet som Gud vil gje dei utan at dei sjølv vett om det! Vondskapen: Guds løysning på å ta vekk vondskapen i verda er; tilgivelse. Sjølv om me må leva med konsekvensane av våre feilsteg, så tilgjer Gud oss. Han utsletter syndene våre når me ber om tilgivelse i Jesu namn.
Gud satte nokre ”spelereglar” då han skapte jorda. Han kan ikkje plutseleg forandre dei. Gud er slik at han kan ALDRI bryte eit løfte, lyge eller forandre seg. Guds ord står fast til evig tid. Når menneska valgte synda og døden så står det fast.
MEN, Gud la til ein ”speleregel” etter ei stund. Då han sendte Jesus gav han samtidig ei løysning. Men samtidig som menneska kan ta imot Jesus, få tilgivelse og evig liv, så lever vi fortsatt her på jorda og har ein syndig natur i oss. Det er fordi dei tidlegare ”spelereglane” gjeld framleis, sjølv om ”speleregelen” om Jesus overstyrer dei andre reglane.
Jesus gjer det mulig for menneska igjen å ha eit nært forhold til Gud. Jesus gjenoppretta det som vart brutt ved syndefallet.
07 November Kor kjem Gud ifrå? Korleis vart han til? (Kven ”fødte/skapte" Gud?)Me mennesker er skapt på ein slik måte at og med ein slik forståelse at absolutt alt må ha ein begynnelse og slutt. Alt her på jorda av planter, dyr og menneskeskapte ting kjem først til, og går så til grunne. Derfor tenker me også at det må vera slik når det gjeld Gud. Men Gud er ikkje noko verdsligt eller menneskeskapt. Gud er ei evig ånd! (Hebr.9,14) Gud er utan begrensningar. Han er allmektig. Det betyr at alt er mulig for Gud, og ikkje minst at ingen ting er umulig. Gud er den som har skapt oss og han har skapt oss med begrensningar.
For Gud eksisterer ikkje tidsbegrepet. Tidsbegrepet har me pga syndefallet, fordi når Adam og Eva åt av treet i Edens hage så kom døden inn i verda. Hadde ikkje det skjedd, så hadde Adam og Eva levd ennå og då ville ikkje tidsbegrepet eksistert.Me teller dagar, månadar og år,og veit at dersom me lever eit gjennomsnittlegt liv så lever me ca 75 år.
Dersom me trur at Gud er allmektig så er det heller ikkje noko problem å tru at Gud er evig og at han har skapt oss med begrensningar. Me er ikkje like smarte som Gud. Me er ikkje Gud!
Me mennesker lever også evig! Me lever bare ei begrensa tid her på jorda, men ånda vår skal leve evig, enten i himmelen med Gud eller i helvete med Satan. Valget er ditt! 22 October Kven kom først; høna eller egget?Høna, så klart! Gud skapte jo dyra, ikkje bare eit egg. Det at høner begynner som egg er bare ein del av reproduksjonen deira. Gud skapte dyra og deretter kunne dei formeire seg. På same måten skapte Gud menneska, Adam og Eva, vaksne (ikkje som spedbarn). Deretter fekk dei befalinga "vert mange og fyll jorda"! Aha....! 08 October HaustferieJa, fytti, nå æ dæ haustfærie. Dæ æ hærligt. Ei heile vega fri, eller jaffall meste heilt fri.
Du så ikkje ennå vett kæ du ska varta; vart lærar! Hehe... |
|
|||
|
|